onsdag 23. september 2015

GELLI ART PLATE - TUTORIAL

Hei hei:-)

Tid for ein tutorial igjen, og denne gangen vil eg vise fram eit heilt fantastisk produkt - nemlig gelli plata:-) Denne plata brukes til å lage trykk, fortrinnsvis med akrylmaling, på papir, stoff, lerret osv. Trykka du lager kan brukes til alt mulig; tags, bakgrunner på kort og layouter, art journaling, trykk på tøynett eller rett og slett settes i rammer.
Det er og ein heilt super aktivitet for småbarnsfamiler:-)

Eg skal vise fram trykk på papir og eg har brukt Amsterdam akrylmaling. Eg har brukt mange ulike gelli plates til denne tutorialen.

For å trykke med gelliplate trenger du; Gelli plate, akrylmaling, brayer, ark (gjerne litt tjukke, eg har brukt 140 g), catalyst verktøystensiler eller andre ting å lage mønster og struktur med. Bruk alt mulig rart til å lage mønster, som tomme doruller, utstansede figurer og negativet etter du har stansa ut, bobleplast, plastfolie, blader, fjær osv.

Det viktigste verktøyet vil eg sei er hendene dine:-) Mange bruker brayeren til å stryke over arket som blir trykket på plata, men med hendene har du meir kontroll og kan legge ulikt press på arket.

Eg starta med den minste Gelli plata som er 3x5 inch.  Den er perfekt til tags, eller til å bruke som stempel.



Eg laga nokre grønne og:-)





Eg vasker omtrent aldri plata mellom kvart trykk. Det dukker opp små fargeskattar her og der nemlig:-) Men eit tjukt lag med kvit og mykje stryking (med hardt press), tømmer plata ganske bra for farge. 



Videre brukte eg ei rund gelli plate. 



Her er nokre tags som blei til undervegs. Foam stamps er forresten heilt supre å bruke sammen med maling. I butikken finner du bl.anna materiale til å lage slike sjølv:-)



Den siste plata eg har brukt er den største som er 12x14 inch, min absolutte favoritt. Men her trenger du mykje maling og må jobbe raskt;-) Catalyst verktøya er supre å bruke for å lage mønster på bakgrunnen:-) 




Eit av trykka eg fekk då eg overlappa fleire ark på plata. 



Eg kan absolutt anbefale Gelli plates i str 6x6 og 8x10. Sistnevnte bruker eg mest men den har visst blitt igjen ein plass etter eit treff;-p

Og kva bruker eg så alle desse trykka til? 
Alt mulig:-) Mest art jornaling, og desse skal bli til ei art journal bok. Berre vent så får dere sjå i eit seinare innlegg:-)

Takk for meg:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar - vi setter kjempestor pris på tilbakemeldinger fra dere.
Vi følger spent med på alt som kommer inn og gleder oss til å se all kreativitet deres.

Kreativite tanker fra
Design Teamet og Kreativ Scrapping