mandag 14. januar 2013

Tutorials - Pebbles

Heisann :)

Eg har laga ein liten tutorials der eg viser korleis du kan laga dine eigne pebbles.


Det du trenger til å lage din eigen pebbles er slike klare epoxy (eller klar med glitter i) sirkler eller firkanter,
eit ark/mønsterark og ein punch eller ei saks.
Her har eg vært på nettet og funne ferdig laga pebbles. Det finnes ein del freebees rundt omkring. Og så har eg funne masse forskjellig på Etsy.com.


Her har eg brukt Martha Stewart sin sirkel punch som er 1" stor.
I nettbutikken har vi denne sirkel punchen fra Vestergård som er 1" og passer perfekt til dette prosjektet.
Snur den opp ner og sikter inn før eg puncher ut sirkelen.


Sånn blir den då ferdig puncha :)
Eg veit ikkje om det er feil innstilling på mi maskin/skriver, men ringarne mine blir alltid pitte litt mindre enn punchen, slik at eg får litt av det kvite arket med.. men..



..eg har funne ut eit lite triks so gjer at det ikkje vises so mykje.
Nemlig å distressa kantane.


Når ein skal lima epoxyen på, er det lurt å vera nøyaktig.
Ikkje ta på limet på epoxyen, då blir det fingeravtrykk..
Limer du feil er det ofte ødelagt.. (vanskelig å få den av igjen uten at det henger igjen i epoxyen..)
So det eg gjer er at eg holder papirsirkelen i eine handa, slik som vist på bildet...



..og so tar eg epoxy sirkelen i andre handa. Mellom tommelen og pekefingeren og ganske langt ut på fingertuppene.
Då styrer ein dei liksom sammen med fingertuppene, kjenner at ein treff kvarandre.

(hmm var dette ein anna pebbles??..ja..du såg rett.. det er ein anna pebbles enn den oppom, klarte ikkje å ta bilde samtidigi som eg brukte begge hendene, så dette bilde blei tatt seinare med kamerahjelp, og då blei da ein anna pebbles..)



Når du har fått dei sammen, så stryker/skraper du med nagla eller noko anna hardt på baksida av pebblesen.
Då får ein limt dei skikkeleg sammen og ein får vekk lufta..
Hold den slik som på bildet, da ser du nemlig mykje lettere kor du skal stryke og når du har fått vekk all lufta.
(hmm.. detta va vanskelig å forklare...)



Sånn.. Då var pebblesen ferdig.. Vart den ikkje fin?? :)

Har du ikkje punch sa du??
Då har eg ein anna måte du kan laga pebbles på..


Her har eg limt epoxyen rett på eit mønsterark.



Så bruker ein saks å klipper rundt epoxyen.
Pass på å ikkje klyppe i epoxyen.. det er veldig lett for..


Stryk vekk all luft på denne også.. og vips har du ein til pebbles ferdig :)


Det finnes også firkanta pebbles.
Her har eg brukt ein punch som er firkanta som er 1" stor.
(Og du kan jo også klyppe ut denne om du ikkje har punch)



Og akkurat som sirkelen, får eg ei lita kvit stripe rundt, som eg duser ned med å distresse rundt på kantane. So limer eg epoxyen på, akkurat på samme måte som sirkelen.


Her har du alle pebblesene eg laga på ein-to-tre.. lagde endå ein pebbles som eg puncha ut frå samme mønsterarket som klokka..
Du kan jo sjølv skriva eller teikna noko som du lagar pebbles utav også :) Bruk fantasien!!

Dette er utruleg kjekt og veldig enkelt å lage.
Kjempe dekorativt på både kort, LO og andre ting ein lagar.
Ja til og med viss ein vil gjere litt meir ut av gåveinnpakkinga, så er det fint å bruke pebbles.


Her har eg laga ein tags der eg har burkt nokon av dei pebblesene eg laga over.



Utfordringa denne mnd her hjå Kreativ Scrapping er jo
Noe Nytt - Something new, så da måtte eg jo laga noko til den.

Her har eg brukt da kjempe tøffe Mo Mannings sitt digi stempel som eg ha fargelagt med distress ink refill.
Med tittlene - Ny bikini?




Her er fleire prosjekt eg har laga som eg har brukt heimalaga pebbles på.


"Hurra" Tekst inni ein bruskork.


Helloween flaggermus pebbles..


Vintage blomster pebbles..


Prinsesse-krone inni bruskork..


Håper du kjem til å kosa deg med å lage dine eigne pebbles!

Stor klem frå Tine
Her er noen av produktene som er brukt på Tine's inspirasjonsbidrag:


4 kommentarer:

  1. Tusen takk for flott Tutorials og mye flott inspirasjon :-)
    Ønsker å legge til at vi synes dette er en topp måte å få brukt opp noe av restepapiret

    SvarSlett
  2. Takk for tipset ! De ble kjempelekre :-) Absolutt noe jeg må teste ut selv
    :-) Nina

    SvarSlett
  3. Hej, tak for tutorial på pebbles - nu vil jeg gerne i gang og jeg har forsøgt at søge på peebles på google men finder ingen. Du skriver at der findes mange free pebbles på nettet men jeg kan ikke finde dem. Vil du fortælle hvordan du søger og med hvilken navn ?
    Tusind tak på forhånd
    Pialine P Lund

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Pialine :)
      Eg kjøper på etsy.com og eg pleier å søke på -pebbles 1" circle- så finner du MASSE MASSE forskjellig!
      Epoxy sirklene finner du sjølvsagt her hos Kreativ Scrapping :)
      Kos deg :)

      Slett

Takk for din kommentar - vi setter kjempestor pris på tilbakemeldinger fra dere.
Vi følger spent med på alt som kommer inn og gleder oss til å se all kreativitet deres.

Kreativite tanker fra
Design Teamet og Kreativ Scrapping