Eg, Tine, har kosa meg med å laga ein liten tutorial
om å fargelegga blomster med copic og air brush.
Har du hatt da problemet med at du ikkje har funne
blomster i akkurat den rette fargen til da fargelagte motivet du nettopp har
såtte i fleire timar å fargelagt på?
Da har eg.. og blei litt lei... So derfor kjøpte eg
kvite blomstrar og fargela (som eg kallar da) dei sjølv med airbrushen og copic
tusjane mine.
Da du trenger er kvite blomster, copic tusj i dei
fargane du ynskjer og ein air brush..
Og om du ikkje vil ha fargelagte fingrar og, så må du
ha ein pinne eller noko til å holde blomstrane på plass med.
Ein copic tusj har som kjent ein tupp i kvar
ende.
Eg har aldri skjønt heilt vits i den flate tjukke
enden, før no eg fekk meg air brush.. For det er nemlig den enden du skal bruke
:)
Skyv den inn, og når du høyrer eit "klikk"
er den på plass.
Som du ser på bilde bruker eg ein snudd pensel for å
holde blomsten på plass.. for her blåser da!! ;)
Eg bruker RV 93. Hold eit lett, jamt press på air
brushen. Og bruk sirkel bevegelsar med brushen for å få eit jamt og fint
utrykk.
Det er kanskje lurt å bli litt kjent med air brushen
før ein prøver på blomsten, så bruk arket du har under til å bli kjent med kor
spruten hamner på arket. For den kjem eit stykke lenger fram enn det du held
air brushen.. Så derfor held eg den eit stykke lenger bak.
Det er også forskjell på kor nærme du er.. Helde du
for nærme så blir det ein veldig konsentrert flekk, men trekker du deg lenger
unna blir den mindre konsentrert og du får ein finare og jamnare resultat.
Sånn.. for å få meir djupne i blomsten, bytter eg til
RV 95 og sprayar i midten av blomsten.
Roser er også fine å spraya.
Ein kan holde i stilken og vri og vende dei nett så
du ynskjer.
Her brukte eg kunn RV 95, for denne skal være i
midten av den andre blomsteren.
Og her er det ferdige produktet...
Det er kanskje vanskelig å sjå korleis eg gjer dette
igjennom bilda.
Så då har eg laga min fyrste tutorial video for å
visa deg betre korleis eg har fargelagt blomsteren.
(Forferdelig å høyra seg sjølv på film... ;) tihi)
Lykke til med fargelegging av blomstrane dine :)
***********
Her er dei arka eg fekk :
Framsida på VINTAGE SPRING BASIC - 1ST OF MAY
Framsida på VINTAGE SPRING BASIC - 1ST OF MAY
Framsida på VINTAGE SPRING BASIC - 2ND OF MAY
Baksida på VINTAGE SPRING BASIC - 1ST OF MAY
Baksida på VINTAGE SPRING BASIC - 2ND OF MAY
Utruleg flotte mønsterark eg fekk å jobba med!
Framsida skulle lagast LO av.. og eg har laga ein LO
med dottera mi Tiril Maria som er begynt å posera ganske so masse.. So då måtte
eg jo bruka eit av dei flotte bilda eg har fått tatt av ho.
Som du kanskje såg i tutorial videoen, er dette dei
blomstrane eg lagde i tutorialen ovanfor.
Prima blomster og roser frå WOC som var kvite, som eg
har farga med copic og air brush.
Så har eg laga...
Så har eg laga...
...ei fyrstikkøskjer som eg har pynta med dei fine baksidene på arka.
Det er fira fyrstikkøskjer som eg har satt sammen.
Kjempe koselig og veldig enkel å lage.
Eg har fargelagt
Bildmålarna - Mimosa Winter Christmas- Light The Way med
copic og brukt airbrush rundt.
Håper du har blitt litt inspirert både av tutorialen, LOen og fyrstikkøskja og ikkje minst av dei flotte Maja Design papira :)
Klem frå Tine
Tack för bra tutorial och så fina blommorna blir. Jättefina alster och kortet är helt underbart så söt stämpeln är och färgläggningen.
SvarSlettKram Eva/Eviebee
Åh for en Nydelig LO.. og Nydelig jente også.. Vakkert satt sammen. .Og Blomstene du har farget ble Nydelige!! Lekkert Og Kreativt.. Likte godt måten bokstavene står på.. Stilig!!
SvarSlett