søndag 10. november 2013

TUTORIAL - KVIKKLUNSJ RUDOLF

Hei alle sammen. 

Eg, Tine såg noko morro på Pinterest som eg har gjort litt om på, slik at den skulle passa til ein kvikklunsj sjokolade. 






Etter litt måling og dikkidering, klarte eg å laga til ein Rudolf til å ha sjokoladen i :) 
So då tenkte eg at eg måtte dela denne med dekan.  



Da du trenger til dette er...


Kraft kartong, brun kartong, mørkebrun eller svart kartong og raud kartong. 
Skjærebrett, saks, lin og dobbelsidig tape. 
Bonefolder, svart tusj og kvit penn. 
Sirkelbunsjar - 1/2" og 1" og ein punsh som du får bua hjørne med.
So noko å sværta kantar med. Pastelkritt eller rush til å lage kinn. Og so til slutt eit eller anna bånd til sløyfa. 
Det eg har gløymt to ting på bilde. Den eine tingen er diesen som eg har laga øyra med. Det er ein dies frå Memori Box som heiter Brittany Ornament style 938.
Den andre tingen er God Jul stempelet som eg har brukt. Det kjem frå sponsoren vår denne mnd. som er KORT OG GODT. 


Her har du måla til Rudolf. 



Sånn ser ting ut når ein har puncha,  skjært og klypt tinga som ein treng ut. 


So sværter ein alle kantar på øyre og "kropp" 
(sjå på mål-teikninga kor dobbelsidige tapen skal vera, har tatt på feil her)


Da er det kinna som teikes på. Eg har brukt pastellkritt.


So gir ein da litt utover. Ein har farge inni øyra og som ein gnir utover også. 


Då er det tid for å lime auger og nase på. Teikne munnen på. Her kan du jo sjølv velge om Rudolf skal være bli eller sur..kanskje tenne eller tungen stikker ut? Eg har også teikna med kvit penn for å få litt liv i augene og nasa.
Eg har også stempla på eit god jul stempelet og bak eit personlig stempel (før ein limer sammen øskja).

So limer ein øskja sammen. 

 
So er det geviret til Rudolf sin tur. Dette klypper du ut på frihånd slik du ynskjer å ha da. Og so limer ein da på. 




Sånn..då er dei begge limt på.


 Då er da tida til å ta øyrene på. Brett dei lett på midten. 




Klypp eit hakk slik du ser på bilde over og under. Pass på at du holder øyre slik det skal være på Rudolf.. ellers er da lett for å klyppa feil.. snakka med erfaring ;)



Brett utigjen den vetle flippen som er neders på øyra.


Ha lim på den flippen slik som på bilde.


Lim på...



 ...brett ein liten kant nederst på øyra. Slik som du ser eg gjere på bilde over. 


Knyt båndet rundt heile Rudolf og lag ei lita sløyfe. 
Då er Rudolf klar til å få Kvikklunsjen oppi. 

Ein fin liten helsingspressang i Jula.. 
Her er det plass til å legga evt penger eller eit ekstra lite brev ilag med sjokoladen. Og ein kan skriva helsing på baksida om ein ynskjer da. 

Håpar De blei litt inspirert til å laga ein Rudolf De også :) 

Ha ei fin førjulstid :) Ein kan vel begynna å sei da no... eg er vertfall godt i gang med jula mi :) 

Klem frå Tine.. 




2 kommentarer:

Takk for din kommentar - vi setter kjempestor pris på tilbakemeldinger fra dere.
Vi følger spent med på alt som kommer inn og gleder oss til å se all kreativitet deres.

Kreativite tanker fra
Design Teamet og Kreativ Scrapping