lørdag 18. april 2015

GELATOS - MIXED MEDIA KIT

Hei hei, håper dere har ein strålande lørdag:-)
Eg er nettopp kommet heim fra ein scrappe-hytte tur med gode venninner, har virkelig storkosa meg!

Det eg kosa meg mest med var Faber Castell sitt mixed media kit med Gelatos. Det var rett og slett utrulig gøy, og fargane på Gelatosene var rett og slett magiske sammen:-)

I dette kitet får du muligheten til å lage ei lita bok med sider i ulikt materiale. Alt du trenger er i kitet og det er perfekt dersom du ønsker å prøva mixed media. Det er små krukker med medium så dei blei brukt opp i løpet av prosessen, men eg har eit supert mini album fra 30 års dagen min og 3 nydelige Gelatos:-)



Bildene eg har brukt er rimelig dårlige og det gjenstår litt finjustering og journaling før albumet er ferdig. Men litt detaljer fra festen får eg holde for meg sjølv;-)

Forsida er laga på ei plate med tremotiv. Her har eg lagt på litt tissue paper og brukt glassbeed gel gjennom ein stensil (alt er i kitet). Hjerte er laga av porselens leire og farga med gelatos.


Den neste sida er akvarellpapir. Her har  eg blanda ut gelatos med vatn og latt det renne fra toppen. Eg har og laga ein farga modeling paste av noko som heiter whipped spackle. 

På denne sida har eg lagt på eit lag med whipped spackle. Sida var  i tjukk papp. Denne skulle tørke litt før ein skulle stemple i det for så og farge med gelatos og vatn. Eg gløymde den ut litt og plutselig var den litt for tørr. Men ein aner eit par sommefugler i teksturen. Eg har og dabba på litt gesso med ein liten dabber.

Her har eg overført eit bilde på ei overlay side. Det blei ein utrulig kul effekt når eg ikkje gnidde vekk papiret skikkelig, og når ein blar i albumet og får lys bak, ser ein bildet slik det er orginalt:-)
Denne sida er av lerret. Her har eg tatt på gelatos og vatn og lagt over plastfolie til det var tørt. Det blei då ein ganske stilig effekt i bakgrunnen. Neste gong velger eg eit anna materiale og jobbe på med denne teknikken, då lerret krølla seg veldig. Fekk liksom ikkje full effekt av plastfolien. Det er dette som er så utrulig gøy med eit slikt kit, ein får prøvd ut masse gøy og oppdager kva ein kunne gjort annerledes:-)

 Den siste sida er av kraftig grå papp. Her har eg først limt på litt tissupaper, så krøllete maskeringstape. Tapen er farga med gull gelatos som er gnidd utover. Så tok eg på orange gelatos som eg hadde vatn på. Til slutt er det spraya med mist laga av rosa gelatos og vatn. Eg har og hatt på litt gesso gjennom ein stensil .

















Dette var rett og slett utrulig gøy og eg kommer definitivt til å lage fleire mini album:-)

Håper dette var til inspirasjon, klem fra Arnlaug:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar - vi setter kjempestor pris på tilbakemeldinger fra dere.
Vi følger spent med på alt som kommer inn og gleder oss til å se all kreativitet deres.

Kreativite tanker fra
Design Teamet og Kreativ Scrapping