Hei hei:-) I dag er det tid for min første tutorial i bloggen. Eg lager alle mulige layouter men min absolutt favoritt er mixed media stilen:-) Eg har brukt veldig mykje forskjellige medium og har prøvd ut nokre av dei nye til Finabair.
Å lage ein slik layout er tidkrevende men fantastisk gøy! Det å berre klæsje på alt mulig og ikkje heilt veta resultatet er noko av det eg liker best med dette.
Advarsel : BILDERAS!
Først eit bilde av utgangspunktet mitt og dei viktigaste ingrediensene:-)
Den ferdige layouten kommer nederst, men tenkte eg måtte vise ein liten bit i alle fall.
Ok, da starter eg:
Aller først kan det være lurt å grunne sida med litt gesso, eg har brukt
liquitex clear gesso. Dette gjer at arket tåler meir.
Videre har eg stempla litt rundt på bakgrunnen. Eg har på forhånd tenkt kor eg vil ha bilde og "komponerer" rundt det. Det er veldig fint om stemplene overlapper kvarandre. Eg har brukt stempel fra
Finnabair og
Kaisercraft.
Neste steg er å bruke
gelatos fra Faber Castell. Her berre rabler eg litt rundt om kring før eg bruker ein pensel med vatn på gelatosen for å få ein vannfarge effekt. Du kan selvfølgelig bruke vannmaling eller mist til dette.
Etter dette tar eg og på litt
akrylmaling her og der. Eg har brukt ein palettkniv til å "dra" malingen på. Eg har og hatt på litt meir gelatos for å få fargane sterkare.
Eg har no funnet fram alt mulig fra
roser,
washitape, åpner fra bokser osv som skal bli ein del av bakgrunnen.
Videre har eg bygd opp bakgrunnen med forskjellige silkepapir,
doilies, resteark, mesh, dottie ann
washitape og
chipboards. Bruk det du har:-)
Her er det supert å bruke gel medium og ein pensel til å lime med, eg har brukt
3D gloss gel fra Finnabair. Eg pleier og alltid og feste washitapen med gel medium, ellers detter den av til slutt..
Så er det tid for alle dei små pyntetinga:-) Dette er det gøyeste (nesten) :-)
Her har eg blant anna pynta ein kork ved å helle perler oppi, ei rose og ein liten
metall kleshenger:-)
Perlene er og frå Finnabair.
Wood veneer er og heilt supert å bruke her. Berre vent og sjå kor fine dei blir til slutt:-)
Eg har og hatt på litt embossingpulver på bakgrunnen. Det får ein spesielt fin effekt på chipboard og wood veneer.
Det er litt vanskelig å sjå, men dei blanke dråpane er goose bumps. Det fungerer som ein resist og skaper ein stilig effekt når ein sprayer på mist. No er det veldig viktig at alt får tørke godt.
Så til eit veldig viktig steg nemlig
gesso. Dette er heilt vesentlig for at misten skal feste seg til alle elementa i bakgrunnen. Eg bruker ganske lite gesso og berre "dytter" det på med ein tørr pensel,
Det siste steget på bakgrunnen er min favoritt, det er kjempe gøy og litt skummelt på samme tid. Det er tid for mist:-) Eg bruker som regel
glimmer mist. Dei går heilt nydelig over i kvarandre. Det er ein fordel å spraye på litt vatn før mist slik at den ikkje tørker med ein gong. Du kan og spraye litt vatn over misten for å få den til å flyte utover. Og du MÅ holde sprayen nærme ellers vil du ikkje ha kontroll over kor du mister.
Så er det tid for å sette på bilde, tittel og litt pynt:-)
Slik blei den ferdige sida. Mykje av det som var der i utgangspunktet er no skjult, men det gjer absolutt ingenting. Alle elementa er likevel med på sin måte og resultatet ville neppe blitt til dersom ei skulle prøvd å planlegge nøyaktig alle steg på forhånd. Så slepp deg løs og sjå kva som skjer:-)
Litt nærbilder må til:-)
Håpar dåke kom helskinna gjennom bilderaset og fant litt inspirasjon:-)
Ha ein strålande, kreativ lørdag!
Klem fra Arnlaug